Glittertind - Flaumen Går, I Norge Er Vår lyrics

Published

0 128 0

Glittertind - Flaumen Går, I Norge Er Vår lyrics

Flaumen går I Noreg er vår Bjørka sprett i dalom Dølakar Traust og hard Rydjer ferdregard Sjå kor det losnar i alle liom Skreda fer etter bergesidom Flaumen går I Noreg er vår Og dølan' er det som rår Frå fjellet rinn Ein bekk så linn Mellom stuv og steinar Av bekker små Det vert ei å f*grast du skal sjå Høyr kor det i vatnet susar Høyr kor det i fossen brusar! Flaumen går I Noreg er vår Og dølan' er det som rår Lita å Kan du forstå Kor ho fekk slikt mæle? Bekk som rann Er vaksen mann Stans han, om du kan Ingen mann kan straumen vende Tømmer og hus det set han på ende Flaumen går I Noreg er vår Og dølan' er det som rår Bykar stram På gata går fram Trur han skal oss lære Men ikkje eg Fær støkk av deg Sjølv eg rår min veg Bøndan' er ikkje lenger mjuke Husbondsretten, han vil me bruke Retten er vår Skulda er dår Å lyde Noregs kår Om seint me kjem Så er det med klem Me vil garden rydja Bondemål Kvast som stål Gjev ikkje lenger tol Norsk mål vil me i Noreg hava Ikkje lenger med dansken kava Bondemål Kvast som stål Gjev ikkje lenger tol Blankt som gull Og mjukt som ull Er det norske målet Som sol på fjell Som blome-tjeld Som fuglesong om kveld Tusen års rot det hev i landet Tusen år til så skal det stande Flaumen går I Noreg er vår Og dølan' er det som rår Sumar-sol Skin på jord Så jonsok-blomen laver! Læt frå koll Lur over voll Og dølan' slær på skjold Av skal ho hivast lurve-hetta! Gullhjelm lyser i morgon-gletta Læt frå koll Lur over voll Og dølan' slær på skjold Harald verk Fjellbonde sterk Gjer no andre gongen Gamalt grjot Av kjemperot Endå hev manndom og mot Kome alle, ver med på ferda Så skal det spørjast i vide verda At Noregs mann Gjekk på og vann Atter sitt eige land