Garness - Kling no klokka lyrics

Published

0 213 0

Garness - Kling no klokka lyrics

Kling no, klokka! Ring og lokka Ring og lokka frå tusen tårn! Tona om frelsa! Kalla og helsa Kalla og helsa med fred Guds born! Kling no, klokka! Ring og lokka Ring og lokka frå tusen tårn! Songar sæle, englemæle Englemæle med livsæl ljod! Far gjennom grender, strøym over strender Strøym over strender som toneflod! Songar sæle, englemæle Englemæle med livsæl ljod! Englar kveda: Høyr den gleda Høyr den gleda som her er hend! Ljoset er runne, livet er vunne Livet er vunne: ein Frelsar send Englar kveda: Høyr den gleda Høyr den gleda som her er hend! Sjå, det dagast, snart det lagast Snart det lagast til høgtid ny! Då skal oss klokka leikande lokka Leikande lokka til helg i sky Sjå, det dagast, snart det lagast Snart det lagast til høgtid ny!