Tale om heimsleg Snø og granskog er heimsleg Frå fyrste stund er det vårt Før nokon har fortalt det, at det er snø og granskog Har det pla** i oss, Og sidan er det der, heile, heile tida Meterdjup fonn kring mørke tre, Det er for oss Innblanda i vår eigen ande, Heile, heile tida. Om ingen ser det, har vi snø og granskog med Ja, lia med snø, og tre ved tre så langt ein ser Kvar vi er, vender vi oss imot det Og har i oss ein lovnad om å koma heim Koma heim, gå borti der Bøyge greiner, og kjenne så det fær i ein kva det er å væra der ein høyrer til. Heile, heile tida Til det er slåkt i våre innlandshjarte