Blodsmak - Hammarsong lyrics

Published

0 116 0

Blodsmak - Hammarsong lyrics

[vers 1] Sett deg ned min gamle venn og aksle av di bør I smia er det enno godt og varmt og raudt av glør Du forten di kvile no, fri for sorg og sut Du gjekk deg vill i mørkret, men du fann heim til s*ut Du gjekk deg vill i mørkret, men du fann heim til s*ut [Vers 2] Ikkje heng med hovudet for dei som vart igjen Smeden slår for alle, konge, narr og svein Hammaren han syng ein song for kvar ein liten gnist Dei som går vill i mørkret, finn alltid heim til sist Dei som går vill i mørkret, finn alltid heim til sist [Pre-Chorus] På himlen flyg ein einsam ramn Vingar tunge av sakn [Chorus] Ta det som kjem, gløym det som var Gjer deg kisteklar Vegen er smal og porten er trong Stem i Hammarsong [Vers 3] Når hammaren har stilna og jernet kvilar kaldt Og ingen lenger minnes alle tårane som falt I smia finn du ambolten, ein hammar og ein smed Han vis deg veg i mørkret, så du finn heim i fred Han vis deg veg i mørkret, så du finn heim i fred [Pre-Chorus] I skogen stryk ein stille vind Ditt namn eit sus som forsvinn [Chorus] Ta det som kjem, gløym det som var Gjer deg kisteklar Vegen er vandra for siste gong Stem i Hammarsong [Pre-Chorus] I senga gret din hjertevenn Vil ho få sjå deg igjen? [Chorus] Ta det som kjem, gløym det som var Gjer deg kisteklar Vegen er smal og porten er trong Stem i Hammarsong [Chorus] Når vegen er lang og natta hard Gjer deg kisteklar Ambolten med sin mektige klang Stem i Hammarsong Stem i Hammarsong