Blodsmak - Elva lyrics

Published

0 110 0

Blodsmak - Elva lyrics

[Vers 1] Det driv ei elv stille gjennom sivet Som aldri tørsta di slokke kan Mørk og kald renn ho gjennom livet Og vi skal kryssa ho alle mann [Chorus] Å rygg så svak tunge åretak Alt det du har skal forfalle I mørke kveld, vil ho ta di sjel? Elva er djup nok for alle [Vers 2] Og denne elva renn djup av draumar Som det aldri blei noko av Salte dråpar i strie straumar Som vil fylle opp alle hav [Chorus] Å syndeflod ditt hjarteblod Ingenting får du behalde I mørke natt vil ho ta deg fatt? Elva er brei nok for alle [Break - solo] [Vers 3] Det står ein kar der på andre sida Han ventar tålsamt på kvar og ein Han tek di bør, så du slepp å lida No får du kvila deg under stein [çhorus] Å tomme ord og tårespor Har vi eit svar når ho kalle? Å ferdamann vil du ta mi hand? Elva har pla** til oss alle [Chorus] Å solefall i natta kald Alt det vi har skal forfalle Med lagnadsmakt blir vi alle brakt Elva lev lengst av oss alle