Arne Garborg - Troll-Dans lyrics

Published

0 173 0

Arne Garborg - Troll-Dans lyrics

Det klakkar i Berg og Bru av Hov og av Heste-Sko; det traavar um Stein og Stuv, det trippar av Klauv og Klo; og som naar Vindkast av Kamb sèt Skodda i Flog og Flaum, so yrer Trollstimen fram i veltande Straum . . . Det ringlar i rusta Laa, det piper i To og Kluft, det yler um Egg og Aas, det plistrar i kalde Luft; det kvin og skrik yvi Heid; det er den Helvites Slaat, som jagar den ville Skreid i Dans gjenom Nott . . . Og rundt i Vilske det gjeng med Rop yvi Stokk og Stein; det svingar med Svans; det sleng med Hovar og Daudingbeing; og gnellande Trollkjeringmaal syng Visa til denne Vals med Skratt og kaatgalne Skrall or remjande Hals: Det var Troll til Troll i sitt harde Hold, det var Troll til Klo, ho Kloveberg-Gro; ho trolla ein Gut, ho trolla 'n Knut, ho trolla Guten galin. Og Knut'en vart sta og vilde ho ha, og sulla i Sveim og drog henne heim; og Resten — hi-hi! til Presten — hi-hi! Det lo i heile Dalen. Men daa vart det Dans daa ho fyrst var hans; ho banna og beit, ho slo og ho sleit, og leika paa Voll med sitt Kloveberg-Troll, og baade det lo og lét. Og Borni hans Knut, deim sette ho ut og gjødde deim vel og stakk deim ihel, og sette deim fram med Drykk og med Dram for Knut'en, som aat og grét. Men leid ho vart til sist av all den Tvang og Tvist; det var kje Ro for Rove-Gro, um baade ho gol og grein. Ho stengde Knut'en sin i svarte Kjellar inn og sette Eld paa Vegg og Tjeld, so høgt det til Himils skein. Haa, haa, kor det brenn! Sjaa kor Logen stend! Her reider me Seng, du Kloveberg-Dreng! Her luktar det heitt, her luktar det feitt, her steikjer me Flesk til Joli. Kom Haugkall or Hi', her hev du meg fri; kom Djevelbukk kaat og leika paa Tròt; kom Rise or Slott, her fær du det godt og varmt som Smør i Soli Veslemøy fæler. So stygg ein Song aldri høyrde ho nokon Gong. Men Trollskapen lær og dansar. Flyg og floksar med Staak og Styr som galne Dyr. Djevlar i Lufti tullar og flyr med Smell og svingande Svansar. Nordljos sloknande skjelv og skin. Vinden tyter, og Slaatten kvin gjenom dei myrke Kluftir. Kvin og yler med Skrik og Spott villt gjenom Nott; Trolldansen tumlar seg graatt-i-graatt yvi dei nakne Tuftir. . . . Nye Tonar vaknar og skjelv. Syng som Sus av den svævde Elv i drøymetunge Næter. Døyvt det klunkar som Tussespél i tronge Gìl; brusar fram som susande El og sturt og stusleg græter. Fram dansar den Haugkall f*ger og blaa med Gullring um Haare som fløymer; han giljar for Veslemøy til og fraa, og Tonar ikring honom strøymer. «Aa hildrande du! med meg skal du bu; i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Der skal du hullast av Laat og Leik og f*ger i Dansen skride og gløyme alt som saara og sveik, og aldri lengte og lide. Kvart Ynskje du daa i f*gnad skal faa, og Møyande mine deg tena maa. Den eine reider ditt brune Haar, den andre bind det i Knute; den tridje Sylvkruna til deg naar; den fjorde jamnar di Pute; den femte so linn deg Solane bind; den sette veiftar ditt mjuke Kinn. Den sjuande spelar den Lange-Leik som Vinde i Skogane susar; den aattande snur deg den søte Steik, med' Øle i Staupe brusar; dei andre i Krans seg svingar i Dans og hullar og lullar din Hug og Sans. Den niande lint dei Lokkane kved um Møyar og giljande Sveinar; sjølv gjeng du Dronning i Dansen med, i Glans av glimande Steinar. Og ingin som du seg f*gert kann snu, og ingin so lett traar den gyllte Bru.» «Og lite meg lokkar den Haugen blaa med Glans i glimande Salar; min vene Guten eg her vil sjaa; so song det for meg i Dalar. Aa Guten min du! paa deg vil eg tru, med deg vil eg byggje og alltid bu!» «Og vil du vìta den Guten blid, so sjaa deg att yvi Herdi! — Du ser han i Lofte med Gjenta si; der gløymer han heile Verdi. So hev han det godt kvar langande Nott, og Haugtussa hev han til Spe og Spott.» Som Steinen stend ho i Grye kaldt, og Hjarta stivnar og isnar; no ser ho det vel; no hugsar ho alt, og Verdi for Veslemøy visnar. Ho vender seg graa. «No kann du meg faa. No kann eg gjerne i Haugen gaa.» Høgt hoppar den Haugmann paa nakne Sva; han maa vel sin Lagnad prise. «Men no skal du gløyme og vera glad. Fylg med, so skal eg deg vise min Herredom stor i Berg og i Jord og Gumle den gamle med Visdomsord!»