Arne Garborg - Skog-glad lyrics

Published

0 242 0

Arne Garborg - Skog-glad lyrics

Aa stakkars vesle Hare so fin og silkeklædd, Gud veit kvar du hev fari, med di du er so rædd? Du spretter og du skvetter so hovdalaus i Kring; kva er du renner etter og snøgg i Hol deg sting, arme Ting! Her er so god ein Sùmar med Hus i kvar ein Busk og Lauv og friske Kùmar aat slik ein liten Trusk. No skal me vera kvate i slik ei Solskinsstund; no skal me vera late og taka oss i Lund lette Blund. Du er so brun og lekker i Sùmarkjolen din; d'er berre du for klekk er te vera Guten min. Men vil du glad meg gjera, so hoppar her i Lid, og Venir skal me vera og Venir skal me bli all vaar Tid.