Fanden sìt med si Bok paa Kne, rìtar med Blode raude, set sine Teikn paa tvers og Snìd for Lìvande og for Daude. Sist kjem dei nye som no skal med inn i Flokken. Fram dei møter for høge Stol mullande Bøni tung; Fanden gaper med Halsen hol etter baa' gamall og ung. «Vil de paa denne Fyri-Jol inn i Flokken?» Ein etter annan dei svarar Ja; det tykkjest Fanden Mùn; upp dei steller seg daa i Rad liksom ti Konfirmation. Prøve krevst, fyrr han vil deim ha inn i Flokken.