Arne Garborg - I Kyrkja lyrics

Published

0 153 0

Arne Garborg - I Kyrkja lyrics

Eg sit i Kyrkja som Snikjegjest; eg gløymer Gudsord og gløymer Prest, — eg arme! Eg lesser Synd etter Synd paa meg, for um eg ein Glimt kunde faa av deg. Og naar eg ser deg, eg veit meg knapt; det bløder i Barm; eg er som fortapt — eg arme! Alt vert for Augo til Glim og Glod; og Vonir vaknar i varme Blod. Men er du burte, ligg allting audt; det sloknar i meg og kolnar daudt; — eg arme! Modlaus eg dreg meg paa Heimveg att, og Tankar vildrar som Sky i Natt. Og ser eg henne, som sìt so trygg langt framme der med sin breide Rygg — eg arme! — daa veit eg kje meir kva eg tenkjer paa. Eg skvett og vaknar. naar Folk vil gaa. — Aa, frels oss ifraa det vonde!