Arne Garborg - Gumlemaal lyrics

Published

0 303 0

Arne Garborg - Gumlemaal lyrics

Maal kved Gumle um Gamle-Æva. Daa raadde Risar Heims-Ringen. Natti laag nifs yvi Land. Inkje Maane. Inkje Stjernur. Norskin braga um breide Brè. Dal og Dokk i Duld drøymde. Godt var daa i Leik gange, Berg sprengje og Eld sprute, Storm reise og Hav røre, Is tumle med Tore-Dunder. Godt, godt i Strid gamast Ragg rive og Rygg brjote, Skallom skurast og Hornom hoggast, med Klo klorast og Øyro klaa. Godt, godt aa dauv døse. Lat i Logn Labb live. Yrkjeslaus inkje anse. Mett og maggin sova i Mak. Aldri Uro av ljose Eimar. Aldri Sol i saart Auga. Ingin Vokster i vide Dalar; ingin Os av Aare-Eld. Dag sov Daude-Svevnen. Rim kvitna um Rise-Heimar. Land laag i Logn, Rike i Ro. Tidi stod. Alt tagde. Au! Au! Øydest Alder. Aa! Au! Utid veks . . . Alv vaks. Æsir kom, Sol vakna; Dag vigdest. Ned seig Nivlheims-Natt. Oll var Rise-Æva. Vinter leid; Vaar vermdest; Is flotna. Foss fløymde Gror grodde; Grønt grodde; Skog tettna i Taake-Lidir. Mennar vaks. Møyar vaks. Eld eima paa sota Aare. Staal skar skrinne Voll. Fram seg grov grønkande Grendar. Sol seig, Sol steig; Dag raadde Heims-Ringen. Tid tøygde lange Tankar, meda Maal og Raad og Rekning. Ufred! Ufred! Aand! Aand! Merk, Ungdom, Skilje-Ordi! Alt av Aand vill upp og fram. Alt av Troll vil trygt sitja. Jutull gjæse i Berg gøymdest; Kraup i Kraa lite kry. Duld under Stein han Dag banna; nytta Natti til Nids verk. Vaar han døyvde med Vintergufsar. Løyste Fonn og følt Fok. Grov ned Grenda i Aur og yre. Velte Stein, stuva Is. Stogga, stengde med Mur og Myrker. Sky og Skodde for Soli skaut. Rot reiv. Rørde hav. Vinter vekte, Fimbul-Vinter. Men Sol spratt. Sprengde Skodd. Braut Is, brædde Snø. Tinte, tekte med Gras grøne. Nytt leika Liv um alt Land. Ny skaut Skog med sval Skugge. Ein for ein øyddest Ætti. Sprakk for Sol. Stokk i Stein for kvervin Hamar og kvite Krossen. Ein og ein etter sìt, bundin i Berg, bannar Dagen. Andre, blautare, Blod blanda, skjemde Ætti med Skams Gifte, megdest med Menn, avla med Alv. No er Haugtroll i Rike Hovding. Modlaus og mødd Minkar Lyden, smyg smaatt, og jamt smærre. Lite er att av Alders Ætti; øydt er det gamle Graasteins Grjot. Høyr meg, Unge at Hat de lærer! Gjæse Jøtun maa Hjelp laane. Lag halde med Lurvekryp, Fark og Farre or Fuskeheimar, Gand-Mennar og Galdre-Kònur. verste Herk, som Verdi visste, Svivesvansar med Svartebøkar, ikkje Troll, ikkje Menn. Hu! Hu! Graate-Tidir; Hu! Hu! Gremje-Tidir! Og av alle øvst raader Svarte-Vimsen or Svaavel-Lande, Halte-Fanden med Hestehoven, halvt Primar og halvt Prest; honom Herre me no maa hylle; han raar Rise-Rike. Upp alle med Yngd i Blode, upp, Vaa'ar, for Jøtun-Velde! Ingin Rise i Ro røyste, fyrr av høge Loft-Himil Soli raude er ned rìvi og alt roast i Ragnaròk! Det snufsar stundom i myrke Ro med Higst og underleg Hæsing; det tøygjer med Arm, det krafsar med Klo; daa skrik det med Snerr og Fræsing: «Uhu! her luktar Kristinmanns Blod!» Ho raadlaus Armane slær i Kross um Bringa som folnar og stivnar . . . Fram bryt eit Brak som av Sjø og Foss, og Dagen ikring henne livnar. — Aaleine ho sìt under Skare-Aas.