Arne Garborg - Fri lyrics

Published

0 202 0

Arne Garborg - Fri lyrics

Um Natti still ved Sengjekraa Veslemøy ser eit Kvende staa i lange myrke Klæde. Hjaa henne ser ho Syster si f*ger og ljos og aalvorsblid med Smil av heilag Glede. Ho kved so lint eit Kvæde: «Statt upp, statt upp, du Syster kjær! No er du løyst til betre Ferd, Høyr Helgeklokka klingar! Fraa alle Troll du laus deg vann. Og i di Sorg deg sjølv du fann. No upp mot høgre Ringar di styrkte Hug seg tvingar. Kom, fylg oss paa din nye Veg, som upp or Myrkheim fører deg til Ljos og klaare Dagar! Den Stig er bratt, den Veg er lang. Men ingin angrar denne Gang. Um trøytt du stundom klagar, til sist seg allting lagar. Her ser du Visdoms Volve staa. Ho vil deg gjeva djupt aa sjaa og store Røynslur herde. Ho bèr deg gjenom Helheims Gov; der skal du skimte Livsens Lov og gjenom Rædsle lære det Verk, som vert di Ære.»