Arne Garborg - Bergtroll lyrics

Published

0 184 0

Arne Garborg - Bergtroll lyrics

Laagt Loft. Vidt um Veggen. Glim av Rim og blaa Jøkul. Skùmt i Hall. Sylv sprent i Stein gløser, krøkjer Krok og rang Rune. Gufs stend som or Kjellar kald. Bord breidt rundt seg tøygjer. Ragge-Troll, Nase-Gygrar sìt i Kring. Murr, Knurr, Varge-Gøying, Grin og Glefs, Gryl og Grymjing gjeng rundt i den vide Ring. Klo klaar Skabb og Skorpe; Blod renn; harde rullar Brak av Laatt. Drjugt drikk saggne Sellar; blidgast smaatt. Troll og Gygr riv, gnid Trant mot Tryne godt. Tungt kring Hallar-Golve slaapar dauv Unge-Ætti Hóp um Hóp. Sein gjeng Svivedansen. Baste-Streng Slaatten snurrar. Traadt dei sviv med Geisp og dauve Rop. Døyvt djupt att-i Myrkre Gygr grin, Trollkall ræer elskhugs-braa. Attaat læt Ul og Fræsning: Klo mot Klo, Tann i Strupe Uvén vil arge Uvén flaa. «Stygt, stygt laug du, Haugmann!» Gislaug kved; «fæl meg synest Hirden din!» — «No i Miss tek du storleg,» svarar snøgg blide Haugkall; «dette er Træleflokken min!» «Slik Magt, — vil den træle?» — «Magtlaust er myrke Faavit all si Tid. Sjølv skal her du høyre. Røynast skal Rise-Klokskap djup og myrk, utan Meining i!» Stig han fram til den eldste: «seg meg, kvi saar um Vaaren Bonden Fræ?» — «Hæ?» — Hin uppatt fregar. Tankefull Risen stirer. Grin, glor med Grise-Augo: «Hæ?» Stig han fram til den yngste: «seg meg kvi Aai lengtar ned aat Hav?» Rise traud Trut rengjer, lìdar leid lange Øyro: «ytt som bytt, kvar ho renner av.» Fram han stig til ei Gygr: «kvifor grin Barn, naar Augo upp det fær?» Gygri glor: «lat det grine.» Skjeglar stygt etter Gislaug. Snufsar, grin, skarpt med Tennar skjer. «So er Træle-Ætti. Inkje eig Jutul Spursmaal, inkje Svar. Betre no i Djup stige, høyre Kvad og Harms Kvæde, olme Ord av gamle Gumle- far.»