Arne Garborg - Vindtrolli lyrics

Published

0 240 0

Arne Garborg - Vindtrolli lyrics

Tsjuh! buh! segjer Nordan-Kvitskjegg, han hiver med myrke Vengir. Det yler og kvin yvi nakne Heid; det kvitnar um Aas og Engir. — Tsju ....... Tsju-hu-huh! segjer Nordvest-Istroll, det velter Skip og Stamnar. Have rørest av djupe Grunn og bryt paa femtan Famnar. — Tsju ....... Tsjui-lu! segjer Vestan-Havmann, han kjem so vide av Sjø. Lett leikar den Gut um brune Bakkar, men lite so er han stød. — Tsju ....... Tsjui-lu! segjer Vestan-Havmann, han er so salt og vaat. Han lokkar med Sol og Blaaning blide, men helst det endar i Graat. — Tsju . . . . . . . Tsju—su! segjer Austan-Bergkall, han er so kva** og klaar. Han kjem fraa alle dei ljose Tindar med Snøhatt um snøydde Haar. — Tsju . . . . . . . Sulilu! segjer Sunnan-Ljosalv; han susar i Lauv og Lyng, Blomar hev han i fløymde Haare og blæs paa Fløyte og syng. — Tsju . . . . . . . Sulilu, segjer Sunnan-Ljosalv; daa er det godt aa gjæte. Daa er det lognt under solvarm Stein; daa vil mine Lomb seg kjæte. — Tsju . . . . . . . Sulilu! Aa du sæle Sùmar med Sol i Bakke og Bròt. Daa søv eg i Lyngen min beste Blund og vaknar utan Graat. — Tsju . . . . . . .