Arne Garborg - Snøstorm lyrics

Published

0 107 0

Arne Garborg - Snøstorm lyrics

Tungt dùnar det ute og bryt og brakar og myrknar med Tjukkne og Kave. Det gyv yvi Heidar, og Isar knakar, og Tordỳn rullar fraa Have. Dei løyste Magtir um Jord seg trengjer, og Stormen velter, og Frosten sprengjer, og Leid og Led vil drive ned, og alle Vegar seg stengjer. Og Vargane gøyr i dei høge Urdir Med Blodskùm um blaanande Tenner; og Nøkken i Os under Isen lurer; fraa Grendine Naalugt han kjenner. Og Havdraug bleik gjenom Ròke luvar og skrik i Stormen og hæ'r og huar og lær so kaldt; no fær han alt! Med Lik seg Marstrandi bruar. Og Himil og Heid og dei graae Knausar gjeng saman i Gòv og i Skodde. Det ramlar i Berg og i høge Hausar; det kokar um Baae og Odde. Dei løyste Magtir vil Verdi øyde og allting rive og allting snøyde; og alt som kryr seg saman tyr: skal Live slokne og døye? Ho ligg og vimrar og ilt seg bèr og stirer mot graae Rute; det er dei fæle Risar ho ser, som tumlar i Skodda ute. Ho skjelv paa si Sengjepute. Som Skuggar av Fjell dei ragar ikring og Hovud i Sky maa sløre. Dei Himil og Hav og alle Ting i Hop vil velte og føre og saman i Gyrme røre. Ein stend til Live i Havsens Svelg og rotar det upp fraa Grunnen; ein ligg i Nord og blæs som ein Belg med Isgufs or hole Munnen. Slik Gaphals vart aldri funnin. Ein annan stend i ytste Nordvest og dreg inn Skyine tunge; ei Gyger gufsar som ho kann best eit Snøfok or fulle Lunge. So driv ho Vaaren den unge. Paa Skare-Kula under eit Sva, der Styggedans gjeng i Joli, der sit Trollkjeringar tolv paa Rad og galdrar med Gjèling hóle, skal freiste aa sløkkje Soli. Og fær dei Framgang med denne Sak, so vil desse Risar vinne og Live slokne med Skjelv og Skak og siste Dagen sin finne. Og alt vil daa Isen binde. Men Soli smiler ovanum Sky; ho meiner ho kann det herde. Dei naar ikkje upp med sitt Gnaal og Gny og Galdresongane svære, — um aldri dei dette kann lære.