Ho sìt ein Sundag lengtande i Lid; det strøymer paa med desse søte Tankar; og Hjarta fullt og tungt i Barmen bankar, og Draumen vaknar, bivrande og blid. Daa gjeng det som ei Hildring yvi Nuten; ho raudnar heit; — der kjem den vene Guten. Burt vil ho gøyme seg i Ørska braa, men stoggar tryllt og Augo mot han vender; dei tek einannan i dei varme Hender og stend so der og veit seg inkje Raad. Daa bryt ho ut i dette Undringsord: «men snilde deg daa... at du er so stor!» Han smiler raud og strekkjer Led og Legg; «det er vel so, naar Guten Kar maa vera, han lærer au som vaksin Kar seg bera.» — «Og tenk, eg trur at du hev fengi Skjegg!» «Det var der fyrr,» han svarar stø og sann; «men kanskje det hev vaksi litegrand.» Han mjuk seg ned attunder Steinen slengjer, og upp or Lumma Nistemat han dreg; og gild han vera skal som andre Drengir: «sjaa her er Egg! Deim tok eg med til deg.» Ho lær og sèt seg, so ho nett kann sjaa han. I Barm det gjeng; ho fær kje Augo fraa han. So sìt dei der i denne varme Dag; han lentug er, og ho maa læ i eino; ho er so glad som Fuglen millom Greino, men kan kje koma rett i Svalle-Lag. No, daa dei rett skal hava gildt og Gaman, ho sìt der hjelpelaus og er som framand. Han bed um Sogur, man kann inkje faa; alt det ho stundom saag og langsynt drøymde, det kann ho likson ikkje koma paa; det er som alle slike Ting ho gløymde. «Nei, lat no Trolli,» bed ho, «gaa for seg. I Dag eg heller høyre vil paa deg.» Han gjerne daa fortèl um Skarebròte, der upp han vaks, og som han ein Gong fær; dei fire Kyr skal maklegt føde der, naar han fær stelt det paa den rette Maate. Kvart Orde hans ho trygt kan stole paa; og alt ho spỳrr um; alt ho vìta maa. Som dreg dei rundt um Lid og logne Strendar med snilde Smale og den kloke Ku; og naar eit Bìl dei kann seg trygge tru, so tek dei Fisk i Bekk med berre Hendar. Den steikjer dei på Glod som best dei rekk, og tømer so den gode Nistesekk. D'er gildt; — naar berre ikkje dette var, at ingin av deim lenger fri og kyrr den andre kann i Augo sjaa som fyrr; — har òg er brydd, som skulde vera Kar. Naar berre ikkje dette eine skilde, aa nei, so godt som daa det vera vilde! Men upp det dreg; og døyvde Toremaal i Bergi brumlar; snart vil Regne drive; ved Gjætleberge snøgt dei maa seg live; der under Heller er eit Livdahòl. Det er kje stort! nett so det vel er vitjande. Der inn dei kryler, og der vert dei sitjande. Og som det lid ti svale Kveldings Stund, alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer; og braadt um Hals den unge Arm seg krøkjer, og øre skjelv dei saman Munn mot Munn. Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm i heite Sæle søv ho i hans Arm.