Jordi søv i sitt Vinterlin. Bjørki den unge, rimkvit og fin, stend som i Sylve skòri, eller som bygd av Stjerneskin. Jordi søv i sin Vinterblund. Maanen lyser paa Himilrund. Tusund av Diamantar glimar um Grein i den frosne Lund. Braakveikt blenkjande, straalerein bivrar den Glitring um Kvist og Grein. Det er liksom Lunden lìvde, straadd med Perlur og Glimestein. Stirande inn i den sylvblaa Glans Veslemøy stend utan Hugs og Sans; daa ser ho med ein Gong Møyar, kvite Møyar som gjeng i Dans. Kvite Møyar som gjeng i Ring; stille sviv dei i Stìg og Sving. Det er som ein Dans i Draumar til Takt av stilslegt Sylvklokke-kling. Bygde er dei av Lufti blaa; Kjolar av Maaneflor hev dei paa, sauma med Stjerneglitter, løynande lett dei Barmar smaa'. Haare flyt i vallande Flaum ned yvi Rygg som ein sylvgraa Straum. Yvi dei bleike Vangar Stjerne-Augo i stille Draum. Aldri saag dei den varme Dag; stilt det er i det Ungdomslag. Stivt dei i Dansen smiler. Kalde søv desse Andlits-Drag. Lengi tryllt maa Veslemøy staa, drøymd den Dansen stirande paa. Daa nikkar dei som til Helsing, og kverv i Luft som ein Frostrøyk graa.