Arne Garborg - Fyrivarsl lyrics

Published

0 230 0

Arne Garborg - Fyrivarsl lyrics

Veslemøy ligg og drøymer i Morgonstundi graa og ser si sæle Syster for Sengebenken staa. Mjukt fløymer det kvite Lakan ikring den Skapnad fin; so vent det skimrar og lyser med underlegt Bivreskin. Eit Staup av Sylve klaare i magre Hand ho bèr. Dei store stille Augo med Sorg paa Veslemøy ser. «Du arme, unge Syster!» ho kved med kjærleg Sut, «her er den Kalken djupe, som du skal tøme ut. Du hev den tyngste Lagnad som nokon her kann faa. Det som i Natti seg løyner, det skal du skilja og sjaa. Di legg det svikefulle Snaarur i Vegen din og lillar lint og lokkar og tryller ditt unge Sinn. Aa sjaa deg, sjaa deg fyri! Du hev so myrk ein Veg. Men naar du ut vil glide, eg er ikkje langt fraa deg. Aa sjaa, aa sjaa deg fyri! Vegen er myrk og glatt. Men ljuv er ljosnande Morgon alt etter den tunge Natt.» Veslemøy vak med Glede vil helse si Syster god. Daa lyste gjenom Rute den fyrste Morgon-Glod. Den sæle, kjære Syster gleid burt i Ljosken linn. Det drogst ein Sukk som døydde i vaknande Morgonvind.