Arne Garborg - D'er kje greidt lyrics

Published

0 73 0

Arne Garborg - D'er kje greidt lyrics

Aa Stakkar kor du kulsar, du snilde Smalen min, i dette Ruske-Regne og denne vaate Vind! Der under Alve-Steinen, der er ei Livdekraa; der fær du inn-aat kryle og prøve um du maa Lindring faa. Men Kui ho vil heim att; det er so stridt eit Jag; ho hev kje Fred i Marki paa slik ein Regnvêrsdag. Men tomt det er i Lødo; kva skal me gjera der? Me fær no heller stogge og freiste um me fær noko her. Attunder Rundehaugen, der er kje fullt so stridt; der fær me trøyte Tidi, du gode Bùje mitt! Og kanskje Huldri slepper oss inn ei Stund hjaa seg; ho veit kor vondt me lider i Dag paa Gjætle-Veg, dé som eg. Alt tek det til aa renne ned etter Ryggen min; ufysi er det vaate innpaa det varme Skinn! Og Foten sokk i Myri, og Hol der er paa Taa, og vaat og tung vart Stakken; aa snilde Ku, du maa roleg gaa. Eg frys, so snart eg fær vel min Styng innunder Barm; daa lyt eg heim meg skunde til Mor i Stogo varm. Daa fær eg skifte Klæde og kvile meg ei Stund; og dé fær Mjøl og Syddre og gode, varme Bruun aat svoltne Munn!