[Vers 1]
St. Hans-båle, du det begynte å ta form
I vego før sjølve dagen
Nåen kom me eske, andre heiv på kvista
Et par gamle lenestola å ei bodda me avisa
Men tili om mårenen på St. Hans
Så kom onkel Kåre me traktor å hengar
Då hadde an endelig tege seg ihob
Å finge ud alt skrode ifrå garasje å kjellar
Ein sonne varmtvannstank, et gammalt fjernsyn
10-12 malingsspann å ei sprokken tagrenna
To rosta mopeda å nåen morknasletne dekk
Ikkje akkoratt ting så e kjende for å brenna
Men då me kom der om kvellen, ja då brant det så bare juling
Å Kåre sprang der me ei kanna å skvetta littegranna
Itte et par eksplosjona, så Kåre bare lo av
Ropte an faren øve nå, "kom nimmare, de må bare grilla!"
Å billedrøyre i fjernsynet det smalt jysst så ein granat
Å folk trekte seg onna - svarte røyg å flamma
[Refreng]
Ja, St. Hans 1987, sko sitt det båle
St. Hans 1987, då sko du våre i lag me åkke å onkel Kåre
Å onkel Kåre
[Vers 2]
Avløysaren Erling, han kom seint men godt
Me 7 sekke me glava å 11 isoporka**a pluss nåe te
Han kom i traktoren te Kåre, å rygde inn på slitto
Å onkel ropte å dirigerte "foll fart rett bag, kom an litt te, stopp, der ja"
An sveiv dårlig på tomgang den traktoren
Så Erling holdt ga**en så å sei i bånn
Folk konne nesten ikkje snakka ihob, det va et helsikens leven
Imens kløyv onkel opp på planen å begynte te lempa av på driden
Å røygen ifrå båle blei enno svartare enn an hadde våre
Takka være nye dose, ifrå onkel Kåre
[Refreng]
Ja, St. Hans 1987, sko sitt det båle
St. Hans 1987, då sko du våre i lag me åkke å onkel Kåre
Å onkel Kåre
[Vers 3]
William å Sine du de gjekk i protest
"Det her e jo galskap", meinte William, "å ikkje fest"
Men de sko aldri gjenge, de sko våre ei granna te
Å sitt då det tog fyr i nordsjø-jakken te Kåre
Han sprang alt an konne å slengde seg i bekken
Det freste å an spradla jusså ei vidle gås
Te s*utt så kom an fram ijen, heilt va**trokken
Å rista av seg vanne jusså ein honn
"Sjå båle nå, det helle på te daua!" va det fusta an sa
Åsså hinka an hitt te traktoren å kom tebage me enno ei kanna
Ja Kåre va i storslage, eg he aldri sitt an sånn
Men me visste alle at det kun va et tidspørsmål før lensmannen kom
[Refreng]
Ja, St. Hans 1987, sko sitt det båle, sko sitt det båle
St. Hans 1987, då sko du våre i lag me åkke å onkel Kåre
Å onkel Kåre
[Vers 4]
St. Hans-båle du det olma å det brant
Men mange ting ville det jusså ikkje ta skikkelig fyr i
Å når sant ska seias, så va dar mye inne i den haugen der
Dar ikkje va någe særlig goe ved i
Nåen hadde varsku lensmannen, han kom springanes øve slitto
Men onkel lensa ingenting, ikkje før an kjende ei hånd på skuldro
Å ein grove stemme sa "den dere haugen der me rabe ska du i måro den dag få fjerna"
Så Kåre fekk skrode me seg heim igjen
Et follt la**, å an stua inn i garasjen
Å eg e meste sikkar på at det ligge der enno
For eg ser an parkere den gamle Datsunen oppe i løo
Eg ser an parkere den gamle Datsunen oppe i løo
Å eg gjenge bare her å håbe at
Kåre snart ska feira St. Hans igjen
Men det blir vel bare me drømmen
Ja, det blir vel bare me drømmen