"Fatt deg kort no", sa dei til meg
"Og prøv å vere relevant"
Eg sa, "Eg kan kje garantere det
Men eg lovar å snakke sant
Av og til så kjennest som om det blæs
Og allting sit litt laust"
Det går mot haust
Ganske snart så samla det seg
Ei folkemengde stor
Alle undrast kva det var
Men ingen sa eitt ord
Eg såg spørjande på sidemannen
Men han berre såg tilbake, taust
Det går mot haust
Det hender at eg ønskjer
At eg kunne dra herfrå
Men eg lar deg ikkje vere att her
Det kan du stole på
Om dei spør koss eg handsama deg
Så håpar eg at du kan svare raust
Det går mot haust
Somme har eit embete
Somme har ei gate eller ei bod
Somme, dei har songane
Som dei skreiv med sitt eige blod
Eg vakna i dag tidleg
Og eg kjende at eg fraus
Det går mot haust