(O.B. Støylen 1905/Folk song from Hallingdal in Norway) Eg veit i himmerik ei borg, Ho skin som soli klåre Der er'kje synder eller sorg, Der er'kje gråd og tåre. Der inne bur Guds eigen son I herlegdom og æra, Han er min trøyst og trygge von,
Hjå honom eg skal vera. Men visst eg veit, ein morgon renn Då dødens natt skal enda. Min lekam opp or gravi stend Og evig fryd får kjenna. Me takker deg til evig tid, Gud Fader, alle saman, For du er oss så mild og blid I Jesus Kristus! Amen