Alt som skjer, skjer for fyrste gong Det eg syng, er min fyrste song Eg er ny for kvar dag som renn Eg er ny for deg Det står eit tre ved ein vårkledd fjord Det står ein vase her på mitt bord Du plukka blomar frå apalgrein Og gav til meg Eg var blind, men eg ser deg no, du ler Tenk at i alle år var verdi mørk Men i vår, står eg her og ser, og du ler Ja, eg ser deg no, du ler Tenk at i alle år var verdi mørk Men i vår, i vår står eg her og ser
Vil du vita kva ljoset er Kom då hit og ver meg nær Eg skal sjå deg og seia deg det Sei' deg kva eg ser Eg vil gå i det vide land Eg vil syngje om alt eg fann Eg vil gjeva av ei open hand I lag med deg Eg var blind, men eg ser deg no, du ler Tenk at i alle år var verdi mørk Men i vår, står eg her og ser, og du ler Ja, eg ser deg no, du ler Tenk at i alle år var verdi mørk Men i vår, i vår står eg her og ser