Sola har sovna, så månen har fri
Og jorda, ho er ikkje heime
Jorda er borte hjå kjærasten sin
Så eg syng min sjøfararsong som alltid har virka før
Eg syng min sjøfararsong for finver og goe bør
Og at allting skal bli slik som før
Jorda har gløymt meg, ein båt og ei mast
I den sit ein måse og glor
Den tenker nok: "Her var det meir fisk i fjor"
Så me syng vår sjøfararsong
Snart kjem ein styrmann med kart og kompa**
Han veit ikkje opp eller ned
Hadde jorda vore heime, ja, då visste me det
Så me syng vår sjøfararsong