Bryr meg ikkje om veret Det er då så mykje ver rundt om kring likevel Bryr meg ikkje at himmelen hev opna, så fjellet, det er stengt Så eg kjem ikkje fram dit eg skulle vore i kveld Men det eg skulle der, nei det bryr meg ikkje stort likevel Bryr meg ikkje at katten er borte og bilen snødd ned For det her er farvel til deg Det her er eit sjumilssteg. Det jer, det er endeleg Endelig takk til deg. Det her er min nye veg Ein mann treng å lea seg, og det skal eg utan deg Det her er farvel til deg. Det her er farvel til deg Og eg er glad for det!
Bryr meg ikkje om det ringer. Det er då så mykje ring rundt om kring likevel Eg slår ring om alt som minner om deg og så hiv eg det ut og seier farvel til deg Det her er eit sjumilssteg… Bryr meg ikkje om tida Den greier å gå av seg sjølv utan meg for ei stund Nei, eg brydde meg heller 'kje stort om det var så at Om det var slik at månen var borte, stjernene borte Sola var borte, lufta var borte Og havet; det draupt til ein annan planet Og at det var eg som oppdaga den absurditet For det her er farvel til deg Det her er eit sjumilssteg...