Grått og gamaIt og kvitt og kaldt famnar fjellet om sine små Trollet sit traust inni berget det blå stor og stø, og pa**ar på Menneskekryp og anna maur sår og haustar og sankar gryn men om bonden vil dra til by'n høyres frå berget: Kor skal du hen? Kjem du'kje att før sola renn slepp eg deg ikkje inn Svart av sorger og fri eksos lokkar byen med kunstig vår Bonden har aldri sett lettare kår eg kan bli til neste år! Her kan eg festa natta lang gå til jobben i ro og mak
jobba jamnt under kjempetak søkja stipend og førtidspensjon kjøpa meg bil og telefon Rik kan eg reisa heim Stinn av setlar og varm av vin bankar bonden på bergets port Vakna no, vaktmann, og slepp meg inn fort elles skyt eg fjellet bort Trollet er trøytt og talar tregt Dynamitt kan du spara deg Daud er dalen som ligg hos meg Her er det fred som då eg var ung Vegen attende vart lang og tung Du skulle høyrt på meg No kan du angra deg