Du sola deg som kva** debattant, men det 'ru sa va slett ikkji sant
Men om ei tid so fær du svi, då kjem straffe i ettekant
I døre kan du møte på ditt alias
Som du ha møtt mange gongu før i ditt spigjilglas
No ramla ufortent status i koll på side ni, ti, ellve og tolv
Bilæte i blad, va'kji bra, du angra det 'ru sa
Og spør du ette svar fær du grei beskjed
Ei pille med skrekkeleg smak som du no må truge ned
Svelg ein kamel! Ja, prøv med sukker på
Eg æ slett ikkji sikker, men eg trur det ska gå
Då glir det ned, og den vonde smaken drukna kansi med det?
Ei lygn i svarte filler kan rive allting ned
Sanningji den løner seg best, du veit det æ ingen tvil om det
Ei stund so kan du greie deg med eit narrespel
Dæ æ'kji like greit å svelge ein kamel
Svelg ein kamel! Ja, prøv med sukker på
Eg æ slett ikkji sikker, men eg trur det ska gå
Då glir det ned, og den vonde smaken drukna kansi med det?