Uppi eit reir der ligg det to egg. Reiret det heng høgt uppi ein hegg. Fuglad'n blå ha mykji å akte seg for! For på ei grein ja der sit det ein gauk. Han vakta på reiret. Ein brunkledd hauk. Fuglad'n blå ha mykji å akte seg for! Og so ein dag i mai, då vart to egg brått te tre. Gauke-egget låg der, 'kji noko gjera ved! Gauken han song burti lio eit håst ko-ko. Sjål om gauken syng fint, sjål om sangen æ bra, so æ'n no ein slamp, ein ekkel fugle-ramp! Slik ein lakafant! Stakkars dei to små fuglad'n blå. Ruge ut gauk det kan ikkji gå!
Fuglad'n blå ha mykji å akte seg for! Men so ei nått, som ein nyttårsrakett kom det ein raud og grøn hakkespett. Hakka so hardt, slik at egget te gauken sprakk. No vart det fest i heggji, ja no kom det beste fram. Hakkespetten fekk seg ein orntleg heggji-dram. Gauken han song burti lio eit håst ko-ko. Sjål om gauken syng fint, sjål om sangen æ bra, so æ'n no ein slamp, ein ekkel fugle-ramp! Slik ein lakafant! Sol uppi heggji. Gauken ha tapt! Fuglad'n blå ha mykji å akte seg for!