Eg lokkar på deg
Kom ut i mitt mørke
Eg lettar alt du dreg
Du kan la tankane søkke
Du får smake mitt salt
Før du sloknar
Bårane ber deg
Gjennom dei siste tankar
Tankar
Eg er ikkje ditt anker
Eg ligg ikkje stille under båten
Eg er den du har oppe på dekk
Eg skapar dine stormar
Du manglar kanskje lys
Du leitar kanskje etter fyret
Som har lyset du treng
Eg har noko anna
Di endelege seng
Eg har noko anna
Di endelege seng
Eg har ikkje lyset
Som du treng
Kom
Kom
Kom
Kom
Kom
Kom
Kom ut i mitt mørke
Eg lettar alt du dreg
Du kan la tankane søkke
Du
Får
Smake
Mitt
Salt