Fram daa stiger dei gamle, Kvende og sidan Menn, tel sin Herre alt dei hev gjort, kvar i si Bygd og Grend. Fanden flirer so blidt og stort til deim alle. Finnekjerring. Eg manar Sott paa Folk og Fe, og sender Flugo den gule; eg løyser Storm; eg spiller Fred med Ordi rauge og fule. Fantekjering. Eg lærer Draapsmann den kalde Ro og Tjuv aa dirke Laasen; eg trollar so Kui mjølkar Blod og stuper daud paa Baasen. Gulklædd Kjering. Eg Mistru set millom Møy og Gut med snikjande Trylle-Ordi; eg veit, naar Mann og Viv fell ut, daa visnar Grase paa Jordi. Ei mager Kjering. Eg vekkjer vondt millom Mann og Mann og Tankar som Tru kann tære; eg veit, naar Ovund kjem rett i Brand, kann alle det vonde lære. Krylrygg-Kjering. Greide Menn med det faste Mod eg kann slett ikkje like; eg legg deim Vanhug i valne Blod og lærer deim aa svike. Kjering som blinksar. Eg kverver Syn paa Gjenta holl, at ilt ho for seg skal byte; ho kastar seg burt til Fark og Troll og maa ihel seg syte. So øydest Live i kalde Harm, og ned ho krøkjest og kruknar; Hjarta klakar til Is i Barm, og alt ikring henne sjuknar. Troll-Kokke. Eg trollar Ørske paa svikne Møy, der Barne ho eid i Skjole; ho løyner det burt, ho læt det døy; so fær me Steik til Joli. Halvnaki Trollkjering. Paa Viddi med meg flyg tryllte Gut, til Hold og Heile blotnar; sistpaa sìt han i einsleg Sut med Reivar um Arm og rotnar. Brille-Kjering. Eg vil at Live visnar i Knupp; daa skal me snart oss hevja; eg vekte Kvinna or Svevnen upp og lærde henne krevja. No gjeng ho sterk sin Krevjarveg; ut vil ho allting teige; og berre daa vil ho gifte seg, naar Mannen vil Borni eige. Trollmann med ein Bolle. Skall Mannen til Gagns me gjera tam, so maa kje Øle dovne; med det eg trollar Viljen lam; for det maa Vite sovne. Nakin Trollmann. Med friske Arbeid og jamne Trorr vert Mannen oss altfor hardbeitt; — eg lærer Folk aa lìva godt, fyrr Løni dei upp hev arbeidt. Trollmann med ei Øks Bygd mot Bygd av blide Kaar eg saman paa Kniven jagar; og alt dei avla i aatti Aar er spillt paa atte Dagar. Trollmannen Likeglad Det lite er um den sterke Kar, naar av han høgger Neven; eg preikar Fred i Hønsegard, fyrr eg hev bundi Reven. Trollmann med eit Ris. Eg trollar i Haug dei leikande Smaa' og klæd deim i Trælebroki; naar ut dei kjem, kann dei inkje sjaa; eg batt deim for Augo med Boki. Trollmann med ein Sekk. Av Synd og Sorg er Sekken full som tung meg tyngjer Herdi; med Laas og Lekkje av Sylv og Gull,
eg trollbatt heile Verdi. Armod vesal i Villa gjeng og Sjæli og Skinne plagar; Rikdom vrid seg i Puteseng og rotnar av gode Dagar. Trollmann med ei Svìpu. Eg vil rikje og eg vil raa, og eg vil for alle tenkje; der eg gjeng fyri skal alle gaa; sjølv vil eg i Brodden blenkje. Trollmann med tvo Andlit. Eg manar Elvi til stilt aa staa og bind i Skùming Døgre; eg vil baade fram og attende gaa og baade til Vinstre og Høgre. No stend mi Bygd som den stille Dam med Ròt or rare Dyr i; ho sik ikkje att, ho vinn ikkje fram; snart er ho berre Myri. Hesteskjerar. Smaamann skal ha det store Rom og styre paa Smaamanns-Gjerdi; daa dreg han alt ned i Amodsdom, og det vert trongt i Verdi. Og den som var skapt til veldigt Verk, skal sitja blid ved Rokken; eg tek hans Manndom, og Guten sterk vert blaut som den andre Flokken. Aale-Trollmann. So mang ei Uferd eg Arming fór; no treisk eg med Trollkunst fiktar; Split eg vekkjer med range Ord og Vildring, naar braadt eg svigtar. Kann ein kje vinne i opin Strid so kann ein som Fant seg klara; den Visdom lærde eg Byrgdi mi; med den skal ho ille fara. Trollmann med Mulehand. Eg lærer Folke det stille Svik, som alltid laagare bautar; so mang ein god Gut er alt meg lik og tegjer naar Urett brautar. Svartebrødrar. Me sutrar Salmar og Bønir gneg og mullar Lov og Vangilje, til Folk trur dette er Livsens Veg, og gløymer Livsens Vilje. Diger Trollmann. Eg stor Mann um i Bygdi dreg, men smaatt so tidt eg gjorde, at den som lærer aa kjenne meg, han trur kje meir på store. Litin Trollmann. Um eg er veik, so veit eg Raad: kvar den som vann upp Aasen Finskòt eg sender or Løyndekraa og Motbør or Skravelposen. Ingin er so hjarteleg glad som Smaaing naar smaatt ban fær tenkje; eg fær dei med meg alle paa Rad, naar stort eg med stygt kann krenkje. Eit Beinrangel. Eg sender Daudskòt i valne Bring, so magtlaust dei maa seg bøygje; dei ser seg leide paa alle Ting og legg seg til aa døye. Fanden priser med f*gnad stor sine Tenarar gode; «held stødt de fram, skal Live paa Jord vel sjaa sin Aftanrode.» Rundt han svinsar og hev eit Ord til deim alle. Kvar daa fær seg eit Svaavelband til Stas paa Kjoleborden; d'er det stærste ein vinne kann: den høge Langrove-Orden. Naadig nikkar den svarte Mann til deim alle. Men Ære den som Ære bør; best skal den beste beite; ein vert Riddar og ein Kommandør, men Basen fær Storsvins heite. Fanden helsar med lyfte Klør til Deim alle . . .