Fram rid Beingrind paa blakke Hest; svart er hans Kaape sid; Sigden ved Sida han vel hev fest, vil no raste ei Rid. Nikkar til Fanden med Breidflir blid gjennom Natti. «Høh, høh,» haast han kremtar, «kvatan Kveld i Lage! Her eg helst vil vera; gjæve! gjev meg Sæte.» Fanden av Stol seg lyfter, tek seg aat Panne-Reimi: «Herre Bror min, velkomin til! Sìt millom oss som heime. Rettno byrjar me Dansen vill gjennom Natti! «Høh høh,» hostar Dauden; «all Tid eg deg elska. Trøytt eg Træl maa fara Verdi vid igjenom. harm min Herre tena,
Róm aat Live rydja. Aldri Løn eg aatte; faafengt maa eg fikte; alt eg av kann øyde, verre veks det sidan. Her min rette Herre kjær eg atter kjenner; her kann heil i Hugen Daude- Dans eg treda.» «Meir enn gjerne,» kved Fanden i, «unner eg deg ein Leik; tidt og ofte paa Ferdi di Livsens Magtir du sveik; sende meg snøgg so mang ei god Steik gjenom Natti. Kvar Gong du høgg den unge Kvist, kann eg min Bate finne; saman med deg, det vonar eg visst, skal eg vel ein Gong vinne. No skal me danse forutan Tvist gjenom Natti!»