Den fyste natta me låg i hop Då kjeldest me og klappast Den andre natta me låg i hop Slåst me som hund og katta Aldri såg eg dagen god Og aldri fekk eg nattero For kjerringa Den tredje natta med låg i hop Så beit ho av meg øyre Fjorten dagar etterpå Eg kunne lite høyre Aldri såg eg dagen god Nei, aldri fekk eg nattero For kjerringa Så tok eg meg min nye båt Og rodde til andre sida Kjerringa tok eit bakstetrau Og kom fram på samme tida Aldri såg eg dagen god Aldri fekk eg nattero For kjerringa Så sala eg min gangar grå Og ville til presten rida Kjerringa tok ei skabbete merr Og kom fram på samme tida Aldri såg eg dagen god Nei, aldri fekk eg nattero For kjerringa Men no er eg så hjartans glad For no er eg aleine For kjerringa ligg nede på havsens botn Og velta på svære steine No så hev eg dagen god No så hev eg nattero For kjerringa